fredag 9. desember 2016

Søppelkunst og kroppsfokus

Eg har vore inne i vg3-klassen på Media og Kommunikasjon, og snakka om kunsthistorie, sidan eg har litt kunnskap om dette emnet. Det har nærast blitt ein tradisjon for meg å gjere dette på denne tida av året!


Eg opna timen ved å plassere ein haug med skrot på eit bord, og stilte elevane spørsmålet: Kan dette vere kunst?

Kunsthistorien, med Modernismen frå byrjinga av 1900, har mange eksempel på kunstverk som prøver å utfordre oss med nettopp denne typen spørsmål.
Den som har fått æra av å starte denne store endringa i synet på kunst, var Marcel Duchamp, som i 1917 prøvde å få stilt ut eit masseprodusert pissoir som ein del av ei utstilling med kunst som var meint å skulle vise nye kunst-tendensar. Pissoiret vart likevel avvist som kunst, og fjerna før utstillinga opna, men stuntet hans vart kjent, og det satte i gang ein debatt rundt kva kunst skal vere og kven kunst skal vere for.
Marcel Duchamp: "Fontene" (1917)
Kunst vart etter dette endra til òg å vere noko heilt anna enn den tradisjonelle, klassiske kunsten med tankar og teoriar rundt kunst henta frå Antikken, der det å gjengi naturen slik den ser ut, gjerne i idealisert form, var eit hovudmål.
"Det vakre i menneskekroppen" vart difor eit viktig poeng i klassisk kunst, og då snakkar vi om den perfekte, atletiske og grasiøse kroppen. Dette er òg årsaka til at vi finn så mykje nakne menneske i kunsten.

Jean Auguste D. Ingres: "Odalisk" (1814).
"Odalisk", "ei harem-slaverinne", av Ingres er eit eksempel på det, eit bilde som tilsynelatande ser ut til å vere eit klassisk eksempel på klassisk kunstmotiv. Likevel fekk Ingres kritikk for dette bildet, og det var fordi kroppen til denne slaverinna ikkje var korrekt gjenngitt! Ryggen hennar er altfor lang og rumpa altfor stor i forhold til resten av kroppen, dessutan har målaren laga armen som er lenger vekk frå oss, større enn den andre armen. Ingres gjorde alt dette med vilje, fordi han ved å overdrive kroppsdelar fekk ekstra fokus på kroppen hennar og dermed ekstra fokus på det vakre i menneskekroppen. Slik greidde Ingres å halde seg innanfor ramma for korleis klassisk kunst skulle uttrykkast, samstundes som han tøygde grensene. Tøyging av grenser gjer at kunsten utviklar seg, til og med den klassiske kunsten.

Sjølv om vi no er i den moderne tidsalderen, og tenkjer på kunsten vi lagar som moderne, så lever dei klassiske ideala vidare. Moderne kunst blir ofte oppfatta som provoserande fordi den sprenger ramma eller grensene, noko vi kan oppleve som problematisk. Vi mennesker likar det forutsigbare, estetisk sett pene, og er komfort-dyr, så det er ikke så rart at vi blir provosert av moderne kunst.
Det er heller ikkje så rart, slik sett at vi framleis brukar klassiske ideal, iallfall visse teknikkar som vi kan hente frå klassisk kunst, i moderne visuelle uttrykk. Eit eksempel er bildet nedanfor av ein ikkje ukjend kjendis.
Jean Paul Goude: foto av Kim Kardashian for bladet Paper (2014)
Kjelde: The Daily Telegraph

Her har fotografen Goude, brukt same trikset som Ingres, han har satt ekstra fokus på Kardashians bakparti, som ho sjølv brukar for å profilere seg med. Kardashian er litt motstraums fordi ho går litt i mot vårt vestlege kroppsideal som er at ein skal ikkje ha store rumper eller andre kroppsdelar som er forstørra, men ein veltrimma, idealistisk proporsjonert kropp, veldig likt slik som det klassiske idealet. Kardashian står i mot all kritikk ho får for kroppen sin i sosiale media, og dette har blitt varemerket hennar, ho har snudd det ho blir kritisert for til noko positivt og brukar det for å framheve at ho har ein vakker kropp.

Goude har gjort slike bilde før, og er eigentleg mest kjend for bilda han tok av artisten Grace Jones, modell og pop-artist på 80-talet. Jones var òg som Kardashian, kontroversiell, men meir fordi ho spela på det androgyne uttrykket sitt, og ho var svart og modell, noko som vakte oppsikt på 70- og 80-talet. 
Jean Paul Gode: Grace Jones på platecoveret "Nightclubbing" (1981).
Kjelde: Wikipedia
Moderne kunst vekkjer ofte oppsikt, og nokre kunstnarar brukar kunst aktivt for å kritisere problem i samfunnet. Dette ser vi dei første eksempla på i Opplysningstida på 1700-talet, då vi får store omveltningar i samfunnet med den franske revolusjonen i spissen, som gjer slutt på aristokratisk styre og innfører demokratisk tankegong.
Dømet nedanfor er eit "protest-kunstverk", av målaren Jacques Louis David, kalla "Marats død".
Jacques Louis David: "Marats død" (1793)
Kjelde: Wikipedia
Marat var ein av dei som ville ha endringar i Frankrike, men hadde ein tyrannisk stil som mange ikkje likte, han fekk mange fiendar, og nokre av dei tok livet av Marat. Tilhengarane hans såg på dette som ei grusom handling, ein helt var drept, og målaren David måla dette som ein protest, rett etter hendinga hadde skjedd, som ein slags "foto-reportasje". 

I nyare tid har kunstnarar brukt kunsten for å protestere mot politiske problemstillingar eller og for å prøve å få i gang att diskusjonen som Marcel Duchamp starta på 1900-talet. Kjartan Slettemark laga skulpturar av skrot, fekk det stilt ut i kunstmuseum, og skapte debatt rundt kva ein kan kalle for kunst, og om ein kan kalle noko for kunst berre fordi vi plasserer det i kunstgalleri. Samstundes ville han òg fokusere på bruk og kast-mentaliteten vår, og slik prøve å vekke bevisstheita vår rundt ressursbruk.


Kjartan Slettemark: Skulptur av skrot (1988-2002)
Ein annan kunstnar, fotografen Fabrice Monteiro, har laga kunstverk som i endå større grad belyser problemet med miljøsvineri. Han vart opprørt av å sjå forsøplinga av naturen og havet i Senegal i Afrika, og laga ein serie foto "The prophecy", med gudinne-liknande figurar ikledd drakter laga av det søppelet som finst på staden. Fotoa er estetisk vakre, men samstundes ekle når vi ser alt søppelet.

Fabrice Monteiro. Foto i serien "The Prophecy" (2015)

Vi vender attende til spørsmålet eg byrja med: Kan søppel vere kunst? Svaret er både ja og nei. Det siste bildet her, viser at søppel kan vere kunst, men dei forsøka som kunstnarar har gjort ved å bruke søppel i kunsten sin, har ofte vore for å setje søkelyset på problematiske ting, få oss til å tenke anleis anten om kunst eller òg om oss sjølv.




mandag 28. november 2016

Science Fiction

Science fiction i mellom anna bøker, filmar og spel, handlar ofte om korleis framtidsmennesket vil vere, om robotar som blir så like menneske at vi kan ha vanskar med å sjå forskjell, og at robotar kan ta kontrollen over verda. På biblioteket er det no ei lita utstilling med dette som tema.

A photo posted by @elsebne on

Nokre filmar som nyleg har vore på kino eller går som TV-seriar, handlar òg om dette, slik som Westworld eller den svenske serien Real Humans.



Den moderne menneskekroppen er alt påverka av teknologi i så stor grad at vi kan kalle oss for "teknologiske vesen". Cyborg er eit anna ord for dette, og har vore mest brukt i scifi, fordi ordet viser til fantasiar om framtida, men sidan mykje av fantasiane alt er ei verkelegheit, har vi lov til å bruke det i daglegtalen òg. Brukar du briller, linser, rullestol, høyreapparat eller proteser eller andre teknologiske løysningar som du må bruke for at kroppen skal fungere, så kan du kalle deg for ein Cyborg (Kyborg på norsk). Cyborg er eit ord satt saman av Cybernetics og Organic (material).
I Real Humans, har menneska klart å utvikle robotar, androidar, som ser ut som menneske og er programmerte til å oppføre seg som menneske, dei kan uttrykke kjensler og inngå relasjonar til menneske. Nokre av dei er vanskelege å oppdage at er androidar. Filmen set eit interessant spørsmål fram i lyset: Kan kunstig intelligens ha sjel?

A photo posted by @elsebne on

fredag 12. august 2016

Vegen du skal gå


Foto: Else Ness
Ingen har varda den vegen du skal gå
ut i det ukjende 
ut i det blå

Er første verset av diktet "Din veg" av Olav H. Hauge, og kan vere ei litterær innleiing til eit nytt skuleår, med nye moglegheiter, ny lærdom og nye opplevingar.

Foto: Else Ness

Forhåpentlegvis har du hatt ein ferie som har gitt deg ny energi til å ta fatt på eit nytt skuleår.
Eg har iallfall hatt mange fine turopplevingar i sommarferien min, dei finaste er eigentleg dei nærmaste, slik som her frå Fimreitevegen med utsikt mot Sogndalsfjøra, Kjørnes og Barsnes.

Men så var det på'an igjen med jobb, og førebuing til eit nytt skuleår, og masse arbeid med lærebøker og det som høyrer med for at vi skal vere ajour til utlånet startar opp.

Oppdatering av utlånsbasen

Ei av oppgåvene som må utførast skal det bli råd å registrere lån i det heile teke, er å oppdatere utlånsdatabasen. Alle nye elevar må leggjast inn der, og det må i stor grad gjerast manuelt sidan utlånsprogrammet ikkje støttar journalprogrammet som skulen brukar, for det hadde no vore best om dette kunne føregått automatisk, men den gong ei!

Det er i det heile mykje som skal utførast, nyinnkjøpte lærebøker skal registrerast i basen og påførast strekkode og stempel, og så har eg ordna alle naudsynte lærebøker etter klassar og fag, slik at det skal vere greitt for deg som elev å finne bøkene når du kjem og skal låne dei.

Så då ønskjer eg deg lukka til med nytt skuleår!

onsdag 11. mai 2016

Bildebøker av elevane på 2BUA

Elevane på vg2 Barne- og Ungdomsarbeidarfag, har dei siste månadene jobba med prosjektet "Fiskesprell".  Prosjektet kombinerer fleire læreplanmål, slik som barnelitteratur og lesing for dei minste, bildebok, form og farge, og matlaging for barnehage.
Elevane planlegg meny, lesestund og fysisk aktivitet, og utfører prosjektet i praksis i barnehage.
Tidlegare var elevane innom biblioteket for å høyre meir om genrar i barnelitteraturen.

I dette høvet lagar elevane bildebøker med temaet "fisk- og sjøliv", med tanke på å bruke bildebøkene i lesestund for barnehagebarn.
Bildebøkene, som er svært flotte og kreativt utført!, er no utstilt på biblioteket.


A photo posted by @elsebne on

A photo posted by @elsebne on

tirsdag 26. april 2016

Augmented reality, verktøyet Aurasma

Eg studerer for tida faget Digital Kultur, ved UiB, og her skriv eg no på ei oppgåve om ein digital teknologi kalla "Augmented reality" (Utvida verkelegheit). Denne teknologien er ein visuell teknologi som har tre viktige karakterestikkar:

  • Kombinerer den reelle, fysiske verda med noko virtuelt, digitalt.
  • Brukaren kan påverke eller kommunisere med teknologien i no-tid.
  • Blir registrert og oppfatta som 3-dimensjonalt, som om det er verkeleg.

Wikitude, AR-verktøy
Det mest kjende Augmented reality-produktet er Google glass, men likevel er dei mest brukte dataeiningane brukt til augmented reality, mobiltelefonen eller nettbrett, som ein kan ta med seg og bruke overalt der ein befinn seg, noko som er særpreget på augmented reality. 
Potensialet til augmented reality kjem best fram viss du kan bruke det i ein aktiv situasjon der du treng meir informasjon om noko du er oppteken av akkurat der og då, for eksempel viss du er på eit museum, og vil vite meir om tinga utstilt der. Ei 3D-brille kunne teke deg med attende i historia då tingen vart til, og gitt deg ei reell oppleving av noko som var for lenge sidan.

Eller når du er på reise og vil vite meir om bygningen som er framfor deg eller du vil vite kvar næraste restaurant er, med GPS og ein augmented reality-app kan du få den infoen du treng akkurat då.

Eg har i oppgåva mi lagt opp til at temaet skal handle om korleis ein kan bruke augmented reality i skulebibliotek, og har gjort eit forsøk med verktøyet Aurasma, som består av ein app som brukarane nyttar for å skanne "triggarar", bilder, som synleggjer videoar eller 3D-animerte figurar på mobilskjermen, og ei nettside der eg lagar dei prosjekta som gjer at brukaren kan sjå videoane eller figurane.
Nokre av elevane ved Sogndal vgs fekk teste det ut, og samstundes gitt meg attendemelding på om dette var noko som kunne fungere i ein formidlingssituasjon der dei skal jobbe med litteratur, for eksempel fordjupingsoppgåva i norsk på vg3. Dei fleste elevane verka positive, men eg fekk òg nokre attendemeldingar på at verktøyet kanskje ikkje gav så mykje anna informasjon enn det dei likevel kunne ha funne ved nettsøk, lenker eller YouTube-videoar.

Min påstand er at eit tilrettelagt opplegg med bruk av verktøy som Aurasma, vil gjere det litt mindre tidkrevande og meir lettvint for elevane enn viss dei sjølve må leite fram stoffet. Dessutan kan det å ta seg ein tur på biblioteket og bruke Aurasma, gi ei inspirerande oppleving som dei elles ikkje ville fått, biblioteket kan fungere som "eit opplevingssenter".

Føresetnaden er at eg må leggje ned litt innsats i å lage opplegg og prosjekt, eg må finne interessante og ikkje altfor lange videoar som høver (det bugnar ikkje akkurat av brukbare videoar om bøker eller forfattarar på nettet), og det må lagast utstillingar, plakatar el.l. Det beste er at det er i samarbeid med lærarar innan eit tema som elevane skal jobbe med.



Døme på eit opplegg der Aurasma kan brukast. Her er det ei utstilling av bøker og informasjon om forfattaren på ein plakat.
Aurasma-bilda som kan skannast har eg lagt inn på plakaten:


A photo posted by @elsebne on

Informasjons- og instruksjonsarbeid må òg til, eg har nettopp hengt opp info om dette verktøyet på personalromma på skulen, og tilbyr sjølvsagt hjelp viss det er behov.
Så er det mange som ikkje er interesserte, det må ein berre rekne med i ei verd med mykje digital teknologi som kan brukast i skulen, men som ein aldri får tid til eller orkar å settje seg inn i. Men nokon er det alltid som tenner på slikt, så viss ein berre når fram til eit par lærarar som ser potensialet i det, så er mykje gjort.



A photo posted by @elsebne on

Eg har laga ein enkel bruksanvisning på korleis ein lastar ned og klargjer appen som ein må bruke, og i tillegg ei rettleiing på korleis du lagar prosjekt i Aurasma studio, eg fann ingen gode rettleiarar korkje på engelsk eller norsk på nettsida, så eg laga mine eigne variantar....

Dette finn du her, fritt til bruk om du ønskjer:
-Aurasma Studio rettleiing til prosjekt
-Aurasma App, kort bruksanvisning
-Bilder som eg har brukt som triggerar.
NB! Her må du først søke opp "nelseb's Public Auras" i appen og "følgje" meg, før du kan skanne bilda!

No har eg ikkje sjekka ut alt i Aurasma-verktøyet, og eg har berre brukt den versjonen som er gratis, medan det òg finst ein betalingsversjon som truleg gir moglegheit til å bruke GPS-baserte funksjonar, mellom anna.
Verktøyet må prøvast ut, ein må eksperimentere litt og prøve og feile, og viss du finn ut ting som eg har forklart på ein feil eller tungvint måte i bruksrettleiaren, så vil eg gjerne vite om det så eg kan oppdatere meg!
Administreringssida til Aurasma kan òg brukast av elevar som kan lage eigne prosjekt. Dei kan til dømes lage videoar som kan brukast i Aurasma, noko Sofia Malmberg som er skulebibliotekar på Adolf Fredriks musikklasser i Stockholm har gjort med sine elevar. Malmberg beskriv dette i den nyttige boka "Happenings som arbetsmetod" (kjem visst i norsk omsetjing har eg høyrt).

fredag 22. april 2016

fredag 8. april 2016

Fagdagar for skulebibliotekarar

Av og til så må ein skulebibliotekar fornye kunnskapar og treffe andre skulebibliotekarar for å dele på erfaringar og diskutere felles problemstillingar, og ja, bygge nettverk som det så fint heiter.
Vi var tre skulebibliotekarar frå Sogn og Fjordane som reiste til Bergen og deltok på kurs i digitale verktøy i lag med 14 av skulebibliotekarane i Hordaland, og vi fekk omvisning på det nye høgskulebygget på Kronstad som er bygd delvis på dei gamle bygningane til jarnbaneverket.
Her kan du sjå nokre bilder frå turen:

Følg Elses tavle Fagtur til Bergen på Pinterest.